Eg lear på lippene og håpar at nokon utanfor desse veggene kan lesa dei og verte kjend med korleis stormane vert til og med stort og smått som skjer med oss når me opplever fargar og lukter klåre som lyden av ord. Denne kjeda av hendingar byrja ein ettermiddag på veg til bygda. Først la eg merke til lufta, sidan ei sky som brått vart til.
Eg budde åleine. Brørne mine døydde same året. Kvar gong eg fekk meg kjærast slo ho opp – ikkje på grunn av meg, men på grunn av ranchen. Avdi eg ga meg god tid var eg godt kjend med vegen til bygda, som om eg kunne gjenkalle stillingane og augneblinkane rett før eg passerte staden der firfislene og sauene heldt til - nett den same staden der hesten min seinare trakka. Eg fylte dagane med å skape former av dei sterkaste linene frå kvart minne for ikkje å kjenne meg så einsam, trass i at eg var avvist.
Skya eg fekk auge på denne ettermiddagen såg ikkje ut som ein hest slepande på greiner, men som ein bråtebrann - rett nok utan eld. Ho minte heller ikkje om den store ulven, avdi hundane følgde meg som om ingenting hende. Eg steig av hesten midt i det eg trudde var røyken og såg meg sjølv til knes i støv, men med støvlettane godt synlege. Det kjendest som om eg skulle drukne. Eg heiv meg ned og greidde å få att pusten. Over hovudet var det eit lågt tak. Eg såg hundane reise seg, oppslukte av tomrommet. Like ved låg nokre paradis-graner knust til pinneved. Eg prøvde å rulle rundt; unødvendig sidan eg brått var komen ut av skya, som drog seg attende og forsvann over marka lik ei blafrande prærievogn. I motsett retning gjekk hesten min amok, svøypt i si eiga skumrings-sky.
Ein månad seinare hadde eg enno ikkje nemnt dette for nokon og ingen hadde ymta frampå om det som hadde skjedd. Den lett gjenkjennelege, flekkete hesten min vart gjenkjent på ranchen til Custodio Barragán, utan sadel og såra etter fleirfoldige fall. Då eg gjekk for finna han, visste eg om dei to gardsgutane som gjekk vaktrundar i nordmarka til Barragán nett den dagen då støvskya kom.
”Dei forsvann med hestane og sadlane”, fortalde Barragán.
”Skya tok dei. Dei vart tekne av skya”, fortalde eg han roleg og alvorsamt.
”Høyr nå her, Alcides, sadlane var våre”
”Skya tok hundane mine. Du skjønar, det eg gjorde var å varsla poltistasjonen. Dei må då synast ein eller annan stad.”
Høyr her, Alcides. Ver ikkje dum. Eg kjende brørne dine. Ingen av dei prøvde nokon gong å lure meg. Det er lenge sidan folk her i bygda trudde på flygande heksekostar.”
Så eg drog attende, løyste hesten frå seletøyet medan orda til Custido framleis let i øyro mine. Det var vondt å sjå hesten halte på eine foten og vanskeleg for meg å gå avdi kvar ei dum lita grøft verka uovervinneleg. Alt er villare, graset høgare, horisonten fjernare - alt verkar gråare og det kjennest som om du held på å få skyene i hovudet. Dyr veit når dei må gi tapt. Kan hende var det difor slangen beit meg i det eg nådde den siste toppen.
Då eg endeleg kom fram var det mørkt. og eg hadde store smerter i foten. Eg bar feltsenga ut og fann ly under ei grein, men hadde ikkje mot til å skjere der bitemerka var. Hytteveggene var blitt usynlege. Formene var synlege, men augo mine heldt fram der dei skulle ha stoppa opp. Det kunne minna om måneskin i den tydelege hyttefasongen. Då eg vart van med synet, kom brørne mine til syne utanfrå. Dei hadde kome inn frå den sida der det ikkje fannst dør og stod og prata som om dei budde seg til daglege sysler. Eg ynskte meg langt vekk der eg låg, mållaus og samankrølla på ei feltseng,. Det var som om den betne foten hadde vorten til tre. Eg slo meg til ro med at eg kunne vente til morgongry, få tak i ei kjerre og flytte alle tinga mine til ein stad full av folk og røyster. Då eg var klar til å ta kniven og skjere bort bitet, skjøna eg at veggene hadde vorte usynlege. Ei naken kvinne kom til syne i taket. Ho sat og veiva med armane som ei vindmølle. Ho hadde ulike steinar som ho kasta frå eine handa til den andre. Ho stogga, gnissa steinane mot kvarandre til det fata fyr. Ho kasta dei opp og bles på dei for å få dei til å stige høgre. Eg såg augneblinken då dei vart til torden og lyn. Det tok til å regne kraftig og så uventa at eg ikkje kunne gjera stort anna enn å kome meg inn i hytta. Brørne min omfamna meg og eg kunne høyre dei tale. Dei strauk foten min og sa: ”Alt er såre vel...., du er med oss, Alcides.”
Skrive av Leonardo Garet Omsett til engelsk av Liliam Goncalves. Omsett til norsk av Kåre Sandvik
Kåre Sandvik (b.1953) was raised on Halsnøy south of Bergen, Norway, where he was brought up alongside 17-18 years old students on campus at a boarding school, Sunnhordland Folkehøgskule, where his father worked.
Kåre is looking forward to teaching Norwegian as a beginners language. He will also be involved in the music related activities at the College, where his passion and main competance lies.